Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdals Bygningsartikkelkompani AS

Fretland Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fretland Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdals Bygningsartikkelkompani AS vart skipa 1946 av Aslak Maristuen, Ola Kvenshagen og Dagfinn Natvik. Dei starta sal av trelast i ei tyskarbrakke som dei fekk flytta frå Lyramarki til Monsemarki.

Firmaet endra seinare namn til Lærdal Bygg, og gjennom ulike eigarskifte overtok firmaet Årdal Samvirkelag si byggjevareavdeling, Årdal Bygg, i 1971. Lærdals-firmaet hadde då i lengre tid hatt mykje sal til Årdal.

I 1994 vart verksemda overteken av Fretland Bygg AS. Dette entreprenørselskapet vart starta av Sigurd Fretland i 1952 og skipa som aksjeselskap i 1986. Fretland hadde m.a. store byggjeoppdrag på sjukehuset Lærdal, hotella, rådhuset, hamna og fleire skulebygg.

Fretland Bygg AS driv byggjevareforretning og entreprenørforretning, og hadde i 2006 22 tilsette og ei omsetning på 22 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011