Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdals præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening

Statuttane til Lærdal præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening.

Statuttane til Lærdal præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening.

Lærdals præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening vart skipa i 1890. Laget forsikra bygningar i både Lærdal og Borgund kommunar og seinare namn til Lærdal og Borgund Branntrygdelag, men likevel gjekk det fram av dei første vedtekene at berre hus som låg minst 100 meter frå den tettbygde Lærdalsøyri kunne rekne med å verte branntrygda. Tok elden laus i sjølve tettstaden, måtte huseigarane klare seg utan forsikring. Slik var det også for andre tettstadar i Sogn og Fjordane på den tida. Dei lokale branntrygdelaga tok ikkje sjansen på knekkje nakken på å forsikre hus som låg så tett. Difor var det Norges Brannkasse ein måtte ty til dersom ein skulle branntrygde hus på tettstadar som Lærdalsøyri. Lærdals præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening fekk frå starten eit fond på 15.000 kroner som var stilt til rådvelde av Lærdal Sparebank. Denne som andre lokale branntrygdelag gjekk seinare inn i Gjensidige Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011