Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdalsøyri som nasjonalt knutepunkt

Lærdalsøyri på 1880-talet. Som vi ser var det smått med skog på den tida. Foto: A. B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Lærdalsøyri på 1880-talet. Som vi ser var det smått med skog på den tida. Foto: A. B. Wilse. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Lærdalsøyri var på 1800-talet den største tettstaden i Sogn og Fjordane. Tettstaden hadde sitt opphav og eksistensgrunnlag i handel og samferdsle mellom Austlandet og Vestlandet.

Lærdal og Filefjell var frå gamalt av den viktigaste ferdsleåra mellom aust og vest: Her gjekk postruta frå 1647, og her gjekk Kongevegen. Nokre av dei første dampbåtrutene i Noreg vart sette opp mellom Bergen og Lærdalsøyri på 1840-talet, og i 1858 vart den første «stamlina» for telegrafen Oslo-Bergen lagt om Lærdal. Seinare var det aktuelt å leggje Bergensbanen om Lærdal, og i 1992 gjorde Stortinget endeleg vedtak om at stamvegen Oslo-Bergen skulle gå om Lærdal. I 2000 opna kong Harald 5. Lærdalstunnelen og stamveglina.

Gamle naust på Lærdalsøyri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamle naust på Lærdalsøyri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Senter for varebyte aust-vest

Heilt frå 1500-talet har Lærdalsmarknaden vore det sentrale møtepunktet i handel og varebyte mellom Aust- og Vestlandet. På Lærdalsøyri slo det seg ned ei mengd handverkarar og kjøpmenn. Så tidleg som i 1643 høyrer vi at presten Tomas Willumsen tek borgarskap i Bergen og driv handel på Lærdalsøyri.

Strandstaden vart ein av dei første innfallsportane for turismen, den nye næringa på slutten av 1800-talet. Bygda hadde eksersisplassen for Sogn det meste av 1800-talet, og militærleiren hadde stor trong for all slags service og tenester frå handverkarar og kremmarar på staden.

Rettssak om skitlukt

Personleg reinsemd og hygiene var eit temmeleg ukjent omgrep ute på den norske landsbygda til langt inn på 1800-talet. Eilert Sundt, som m.a. studerte folkelivet i bygdene i Sogn og Fjordane på 1850-talet, kunne fortelje om små og mørke stover der golva var uvaska og jamvel sopelimen var ukjend. På takbetane over folk og matbord vagla hønene seg, og i forgangen til stova stod grisebingen. Utedo var ukjent, men alle i huset visste kvar ”dungen” låg. Den låg rett utanfor stoveveggen, og der gjorde folket på garden sitt ”fornødne”. På strandsitjarstader som Vikøyri, Sogndalsfjøra og Lærdalsøyri klumpa folk seg saman, og husa stod tett. På slike stader var sanitærtilhøva ekstra dårlege. I 1823 kom det til rettssak om skitlukta på Lærdalsøyri. Det var særleg reisande som klaga. På varme sommardagar var stanken ikkje til å halde ut. Styresmaktene gjekk til bøndene på Brattegjerdet, Fortun, Stødno og Øye og kravde at husmennene deira på Lærdalsøyri fekk skikk på husdyrhaldet sitt. Men dei fleste husmennene meinte at dei ikkje hadde gjort noko gale, og ville setje hardt mot hardt. Det enda likevel med eit forlik der både husmenn på Lærdalsøyri og gardbrukarane på Stødno og dei andre gardane måtte love å rydde opp og få fjerna den verste skiten. Mange småkårsfolk levde i den djupaste armod på Lærdalsøyri. I 1875 vart det opplyst at Barbra Johanna Andersdotter frå Vangsnes hadde fått seg husrom på fjøslemmen hjå jekteskipper Jørgenson Natvik. Der budde ho saman med sønene Johannes på 15 og Ole Andreas på 13 år. På eit trekkfullt loft ved Løytnantbryggja fekk omstreifarfamilien til Palmer Eliassen husrom. Sidan har dette huset vorte kalla ”Fanteloftet”.

Grandane i Lærdal. Det meste her er bygd på tunnelmasse. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grandane i Lærdal. Det meste her er bygd på tunnelmasse. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsøyri i nyare tid

I samband med bygging av Borgund Kraftverk kring 1970, vart ein stor del av tunnelmassane brukte til utfylling av elvegrandane på Lærdalsøyri. Eitt av bygga som vart reiste på det nyvunne tomtelandet var Offerdal Hotell i 1971. Sjølv om den første «byplanen» vart teikna i 1842, fekk ikkje tettstaden reguleringsplan før i 1946.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011