Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdalsøyri som verneområde

Det er mange turistar som tek seg ein spasertur langs Øyragata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er mange turistar som tek seg ein spasertur langs Øyragata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Busetnaden på gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte som er att av gamal tettstadsarkitektur i Noreg. I alt 161 hus på Lærdalsøyri er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eitt av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Noreg. Lærdalsøyri er på Riksantikvaren si liste over byområde av kulturhistorisk interesse.

I samband med utgreiinga om bystatus for Lærdalsøyri i 1842 vart det utarbeidd reguleringsplan for øyra heilt frå sjøkanten og 500 meter austover. «Byen» vart då regulert som kvadratur med snorrette gater. Innanfor dette området ligg ein stor del av den gamle busetnaden framleis bevart, særleg langs Øyragata.

Den gamle busetnaden frå Løytnantsbryggja og austover er verna. Ialt 161 hus på Lærdalsøyra er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eit av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Noreg.

Første opptaket til vern av gamle Lærdalsøyri vart gjort av Riksantikvaren i 1955. På slutten av 1960-talet tok ein for alvor fatt på vernearbeidet, leia av arkitektane Jon og Claus Lindstrøm. Eit av dei viktigaste tiltaka for vern, var å få lagt riksvegen utanom sentrum.

Ørnegata med Per Lems-loftet midt i biletet (brunbeisa og med naustdører og eit vindauge i andre etasje). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ørnegata med Per Lems-loftet midt i biletet (brunbeisa og med naustdører og eit vindauge i andre etasje). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

To av husa i verneområdet er freda, og eit av desse, «Per Lems-loftet» i Ørnegata, er bevart i si opphavelege form. Det syner at det var sjøbu i første og bustad i andre etasje, slik fleire av husa langs den gamle sjøkanten vart nytta på 1800-talet.

Langs Øyragata har husa framleis namn etter dei som har budd der - t. d. «Minar-huset» som fekk namnet då huset var eigd av Henrik Anderson - kalla «Minar-Henrik». Andre døme er «Petter i Podl-huset», «Tadle-Berta-huset» osb.

Informasjonsskilt med oversyn over det verna området på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Informasjonsskilt med oversyn over det verna området på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011