Hopp til innhold
X
Innhald

Lærdalstunnelen - verdas lengste

Ein av dei tre opplyste fjellhallane i Lærdalstunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Ein av dei tre opplyste fjellhallane i Lærdalstunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

I 1991 tapte Aurland-Hol-alternativet kampen om å bli framtidig stamvegline i vegsambandet Bergen-Oslo.

«Filefjells-alternativet» Lærdal-Valdres vann, og det vart ferjefritt heilårssamband mellom Bergen og Oslo då verdas hittil lengste vegtunnel - Lærdalstunnelen (24.510 meter) - vart opna i november 2000 av HM Kong Harald.

Kong Harald vinkar til dei frammøtte etter å ha opna Lærdalstunnelen. Foto: NRK.

Kong Harald vinkar til dei frammøtte etter å ha opna Lærdalstunnelen. Foto: NRK.

Lærdalstunnelen går gjennom fjellet frå Tønjum i Lærdal til Aurland, og gjorde ferja Lærdal/Fodnes - Gudvangen overflødig i stamvegnettet. Anleggsarbeidet starta i 1995, og tunnelen kosta 930 millionar kroner. Tunnelen vart driven (sprengd) frå fire punkt: 800 meter vart drive frå Håbakken i Lærdal og 11.000 meter frå Aurlandssida.

I tillegg sprengde ein eit tverrslag frå Tynjadalen i Lærdal, og frå denne tunnelen vart det drive tunnel mot begge sider: 5700 meter mot Lærdal og 7000 meter mot Aurland.

Opplyste fjellhallar

Inne i Lærdalstunnelen er det bygd tre store fjellhallar og sett opp spesielle lys for å bryte monotonien og hindre ulukker ved at trafikantar blir trøytte av å køyre i den lange tunnelen.

Fleire tunnelar

I stamvegsambandet inngår også Flenja-Langhuso-tunnelen (5053 meter) og Gudvanga-tunnelen (11.406 meter) på strekninga Flåm-Gudvangen.

Inngangen til Lærdalstunnelen på Aurland-sida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Inngangen til Lærdalstunnelen på Aurland-sida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011