Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Andersson Nesse

Lars Andersson Nesse (1889-1982) frå Nesse i Borgund. Bonde, lensmann og politikar. Han var lensmann i Borgund 1947-1957. Han var tredje generasjon i Nesse-slekta som var lensmann i kommunen. 27 år gamal vart han ordførar i Borgund, og han var til då den yngste ordføraren i landet.

Nesse hadde ei rad tillitsombod elles i kommunen og fylket, og han er tildelt Kongens fortenstemedalje i gull. Soneson til Lars Andersson Raa og gift med Petra Knutsdotter Nesse.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.12.2009