Hopp til innhold
X
Innhald

Leirdalske lette infanterikompani

Slik skal uniformene til Leirdalske lette Infanterikompani ha sett ut. Foto utlånt av Arild Bergstrøm.

Slik skal uniformene til Leirdalske lette Infanterikompani ha sett ut. Foto utlånt av Arild Bergstrøm.

Leirdalske lette Infanteriregiment på veg over Filefjellet. Teikning av Andreas Bloch.

Leirdalske lette Infanteriregiment på veg over Filefjellet. Teikning av Andreas Bloch.

Leirdalske Skiløbercompagnie vart skipa i 1801, men endra i 1802 namn til Leirdalske lette Infanterikompani. Første kommandant var kaptein Thomas Fasting med premierløytnant Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr som nestkommanderande. Fasting vart avløyst av kaptein Wilhelm Jürgensen i 1802.

Den første "eksisen" på Øyramoen like ved Lærdalsøyri var i 1802. I 1805 vart det bygt eit såkalla telthus, dvs. eit militærlager på eksersisplassen. Dette er no i bruk som stabbur på Hjermanns-garden på Stødno.

På Brattegjerdet aust for Hauge kyrkje, like ved eksersisplassen, voks det opp ein liten "landsby" der det m.a. budde handverkarar som fekk arbeidsoppdrag frå det militære.

Under Napoleons-krigane vart Leirdalske lette Infanterikompani send til svenskegrensa i 1808-1809 og 1813-1814 under leiing av kaptein, seinare major Wilhelm Jürgensen. Ved begge høve kom Lærdals-kompaniet i hard strid, og mange soldatar og offiserar fekk Dannebrogs-ordenen for heltemodig innsats.

I 1902 vart det etter opptak av oberst Henrik Angell reist ei minnestøtte på Øyramarki over det tapre kompaniet. Angell skreiv også boka om "Kaptein Jürgensen og leirdølene hans".

Minnesteinen over Leirdalske kompani som vart sett opp i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnesteinen over Leirdalske kompani som vart sett opp i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eksersisplassen og Det Leirdalske lette Kompani vart nedlagt i 1878 då eksersisplassen for Sogn vart flytta til Vikjamoen i Vik, der den var til 1898. Det siste synlege minnet etter eksersisplassen på Øyramarki var eit telthus som i 1921 vart rive og sett opp att som stabbur på garden Stødno.

I 1902 vart det sett opp ein minnestein på Øyramarki til minne om Lærdalskompaniet sin innsats i krigen mot svenskane 1807-1814.

Kutta støvelen av baron-liket

Ivar Kristenson Valeberg Kyrkjeteigen (1786-1870) var soldat i Lærdalkompaniet i krigen mot svenskane 1807-1814. Det vart fortalt at han plyndra liket av den svenske baronen Ulfsparre. Ivar ville ha dei flotte skaftestøvlane til baron-liket, men den eine støvelen sat bom fast.

Ivar var då ikkje verre på det enn at han skar av beinet på liket og tok med seg støvelen med beinet inni. Seinare greidde han i ro og mak å lirke dauingbeinet ut av støvelen. Det vert sagt at Ivar gjekk rundt og sprada og skrytte av dei flotte ”baronstøvlane” så lenge dei var brukande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011