Hopp til innhold
X
Innhald

Lindstrømbui

Lindstrømbui heldt til i huset til høgre fram til 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lindstrømbui heldt til i huset til høgre fram til 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landhandelen Lindstrømbui heldt til ved den gamle busshaldeplassen frå starten i 1849 og til den flytta inn i nybygget i 1968. Arne Tønjum var butikkbetjent på Lindstrømbui i 40 år frå 1948. Jørgen Christian Lindstrøm dreiv sjølv kafeteria og daglegvarehandel i nybygget i fleire år (sjå Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm). I år 2001 er det Kiwi-kjeda som driv butikken.

Kiwi Lærdal er eit framhald av Lindstrømbui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kiwi Lærdal er eit framhald av Lindstrømbui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011