Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete. Foto: Svein Erik Dahl.

Liv Signe Navarsete. Foto: Svein Erik Dahl.

Liv Signe Navarsete fødd 1958 i Sogndal, busett i Lærdal. Privat næringsdrivande og Senterparti-politikar.

Cand. mag. 1998 frå Høgskulen i Sogn og Fjordane med fagkrinsen økonomi og administrasjon. Salskonsulent i Tine 1985–1995. Har vore dagleg leiar i IT-forum Sogn og Fjordane, og driv også hytteutleige i Lærdal.

Medlem av Sogndal kommunestyre 1991-1995. Medlem av Lærdal kommunestyre frå 2003. Medlem av fylkestinget frå 1995, gruppeleiar sidan 1999. Politisk rådgjevar i Helse- og sosialdepartementet 2000–2001. Andre nestleiar i Senterpartiet 2001-2008, og leiar frå 2008 til 2014. Då gjekk ho av etter eige ynskje etter ein langvarig konflikt i leiinga av partiet.

Fylkesleiar i Senterpartiet 1998-2004.

Vararepresentant til Stortinget 2001–2005 og fast representant frå 2005. Utnemnd til samferdsleminister i Jens Stoltenberg si andre regjering i oktober 2005, der også Heidi Grande Røys,(SV) frå Florø vart fornyingsminister. Liv Signe Navarsete vart i 2009 kommunalminister i Stoltenberg si tredje regjering. Då dei raud-grøne tapte valet i 2013 gjekk ho av som statsråd og tok sete i Stortinget. Der var ho parlamentarisk leiar fram til 2014, då ho bad seg friteken frå dette vervet.

Navarsete har vore medlem av Vestlandsrådet, styremedlem i Innovasjon Noreg og styreleiar i Vestlandsforsking sidan 1999. Ho var medlem av konsernstyret i Gjensidige Forsikring 1999–2003 og medlem i regionstyret i same selskap sidan 2003.

Som samferdsleminister fekk Liv Signe Navarsete æra av å opne ei rekkje vegprosjekt. Foto: Morton Holm, Scanpix.

Som samferdsleminister fekk Liv Signe Navarsete æra av å opne ei rekkje vegprosjekt. Foto: Morton Holm, Scanpix.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021