Hopp til innhold
X
Innhald

Ljøsne Samvirkelag

Ljøsnabui held til i forretningsbygget som Ljøsne Samvirkelag bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ljøsnabui held til i forretningsbygget som Ljøsne Samvirkelag bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ljøsne Samvirkelag vart skipa 1922 som eit framhald av Ole B. Lysne si forretning og dreiv fram til 1939 som filial under Lærdal Samvirkelag. Laget bygde eige forretningsbygg i 1936.

Ljøsne Samvirkelag hadde bensinstasjon, og bygde i 1949 eige kjølelager med utleige av fryseboksar til kundar. Dette dreiv mange forretningar med før hushaldningane sjølve skaffa seg eigen fryseboks.

I samband med storfusjonen i år 2000 av samvirkelaga i Indre Sogn og Voss til Coop Indre Vestland vart avdelinga på Ljøsne nedlagd. Ansgar Brugrand tok over, og driv forretninga vidare under namnet Ljøsnabui AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009