Hopp til innhold
X
Innhald

Maristova frå salustofa til høgfjellshotell

Maristuen på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen © UBB-Knudsen-samlingen.

Maristuen på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen © UBB-Knudsen-samlingen.

Ingen av dei gamle hotella i Sogn og Fjordane har så lange tradisjonar i ferdafolks teneste som Maristuen Høifjeldshotel ved den gamle ferdslevegen over Filefjell.

Den første fjellstova, kalla «salustofa» eller «sælehus», vart truleg bygd på staden kring 1000-talet. I skriftlege kjelder frå 1300-talet vert det nemnt ei "salustofa Helge Ivarsonar uppi a Borgund". Seinare vart stova på Maristuen kalla «Margaretarstofa a Filefjelli».

Maristova i 1871. Foto: K. Knudsen.

Maristova i 1871. Foto: K. Knudsen.

Driven av Kongen

Denne som andre fjellstover (t.d. over Dovre) vart driven av kongen - dvs. av det offentlege. Fjellstova fekk fast vertskap på 1600-talet. Den første fjellstovehaldaren ein kjenner namnet på var «Ole stuemand» frå 1648. Etter han overtok Petter Kramer som hadde vore gjestgjevar på Lærdalsøyri. – Les meir om Kramer i artikkelen: Dei første handlande på Lærdalsøyri.

Den eldste bygningen på Maristova i dag er frå 1791, samstundes som det vart køyreveg over Filefjell. Huset vert idag halde som privat museum.

Huset til høgre er bygt i 1791. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset til høgre er bygt i 1791. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anders J. Maristuen.

Anders J. Maristuen.

Bygningar frå 1700-talet

Den eldste bygningen på Maristova idag er frå 1791, same året som det vart køyreveg over Filefjell. Huset vert i dag halde som privat muséum. I 1847 selde Staten fjellstova til den siste "stovemannen", Anders Jonson Nystova. Han tok familienamnet "Maristuen", som slekta heiter framleis. Anders Maristuen bygde til eit kårhus som framleis står. Han hadde skysstasjon og var postbod og var pliktig til å halde seks hestar om sommaren og fire om vinteren.

Legendarisk bror

Bror hans var den legendariske «Basen» - Knut Jonson Nystova. Denne fjellvande karen berga fleire gonger liv på fjellet, m.a. to kvinner frå Valdres som vart råka av uver. Det seiest at dei var så stivfrosne at dei måtte bryte opp munnen på dei då «Basen» fekk berga dei inn på Nystova og tina dei opp. Basen fekk borgardådmedaljen for berginga.

Overynsbilete frå ca. 1910. Vi ser den gamle Kongevegen. Dagens E16 ligg lågare i terrenget. Foto: Mittet. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Overynsbilete frå ca. 1910. Vi ser den gamle Kongevegen. Dagens E16 ligg lågare i terrenget. Foto: Mittet. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotell i sveitsarstil

Det første hotellet i sveitsarstil vart bygd i 1888 av Knut Maristuen, son til skysskaffar Anders. Hotellet hadde frå starten 30 senger, men vart mykje utvida i 1894. Arkitekt var Heinrich Jess frå Bergen, og ferdig utbygd med 90 senger vart Maristuen Høyfjellshotell med tårn og karnapp reine "eventyrhotellet" der oppe i fjellheimen.

Spisesalen i hotellet som vart øydelagt av brann i 1976. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Spisesalen i hotellet som vart øydelagt av brann i 1976. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Vassklosett hang ute på veggen

Hotellet var også eitt av dei første landshotella som la inn vassklosett. Desse klosettromma vart bygde i eit spesielt utbygg på hotellet fordi ein var redde for at dunstane frå doa skulle gje sjenerande lukt i salongane! Dei første 15 åra var Maristuen Høyfjellshotell berre ope sommarstid, men i 1907 opna det for dei første påsketuristane. Maristuen fekk eige elektrisitetsverk i 1939. Fram til då var all drift på det store hotellet basert på vedfyring og parafinlampar.

Kårhuset som Anders J. Maristuen bygde står framleis. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kårhuset som Anders J. Maristuen bygde står framleis. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjølv om hotellet låg høgt til fjells hadde Maristuen Høyfjellshotell eige gardsbruk og var sjølvforsynt med mjølkeprodukt og kjøt. Dessutan hadde garden hestestall, bakeri, kvernhus og smie. Hotelleigaren var medeigar i eitt av dei mange tamreinlaga i distriktet (sjå eigen artikkel) og vart ein av pionérane i rutebildrifta då den starta over Filefjell og Hemsedalsfjellet tidleg på 1900-talet. - Les meir om rutebillaga under Samferdsle.

Kronprins Olav på Maristova i 1916. Reinen han har i band tilhøyrer tamreinlaget som hotelleigaren var medeigar av. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Kronprins Olav på Maristova i 1916. Reinen han har i band tilhøyrer tamreinlaget som hotelleigaren var medeigar av. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Kongelege gjester

Maristuen Høyfjellshotell var eit praktbygg etter si tid, og kongelege var flittige gjester: Mellom dei mange kongelege som vitja hotellet, var kong Gustav V av Sverige då han som kronprins budde på hotellet i 1898, og kong Haakon VII og dronning Maud var innom både i 1913, 1916 og 1921. Andre kjende gjestar var statsminister Christian Michelsen, komponisten Edvard Grieg, forfattaren A.O. Vinje og målaren Gerhard Munthe. Historieprofessor Ernst Sars var fast gjest i 40 år.

Brannen på Maristuen

Maristuen Hotell vart totalskadd av brann den 4. mai 1976. I 1978 stod eit nytt hotell ferdig.

Oversyn over Maristova, slik det vart sjåande ut etter brannen i 1976. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Oversyn over Maristova, slik det vart sjåande ut etter brannen i 1976. Foto frå boka ”Maristuen – 600 år i færdafolks tjeneste”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011