Hopp til innhold
X
Innhald

Maritimt miljø i Lærdal

Den sentrale plasseringa Lærdalsøyri hadde som endepunkt for dampskipsrutene på Sogn, er truleg grunnen til at denne «innlandsbygda» hadde eit visst maritimt miljø:

Mange av dei som gjennom tida budde på Lærdalsøyri arbeidde som mannskap på Fylkesbaatane, og andre hadde fast arbeid som rorskarar på postruta til Gudvangen.

Kjøpmann Jan Henrik Nitter Hansen og andre dreiv med jekter og handelsskuter. Som andre døme finn vi Per Kristofferson Lærdalsøyri (fødd 1815) som var både postroar og jekteskipper, og Andreas Hansson Hansen (1873-1945) kombinerte både sjøverts og landverts næring ved at han var vognmann og dreiv fraktefart med motorbåten «Vega».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011