Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Ove Søvik

Martin Ove Søvik (1925-2007) i Vaksdal, busett på Lærdalsøyri. Siviløkonom, bankmann og idrettsmann. Banksjef i sparebanken i Lærdal frå 1960 til 1992, og styremedlem i Sogn og Fjordane Sparebanklag i mange år.

Han var ein aktiv friidrettsmann i Dale Idrettslag i som ung og tok då 20 krinsmeistertitlar for Hordaland. Han deltok elles i landskampar og hadde sølv og bronse frå NM.

Søvik vart tredobbel meister i militær-NM i 1947. Spesialdisiplinane hans var stille høgde og stille lengde, og ein gong var Søvik berre ei hårsbreidd frå å setje verdsrekord i stille lengde med eit hopp på ca. 3,40 m, og i stille høgde hadde han 1,67 m som personleg rekord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009