Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Jordan

Huset i Øyramarki 1 som Mathias Jordan bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset i Øyramarki 1 som Mathias Jordan bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mathias Jordan starta landhandel på Lærdalsøyri kring 1830. Han bygde då eit kombinert forretnings- og bustadhus som frå 1852 til 1860 vart leigt ut som embetsbustad for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt. Då overtok kjøpmann Kristen Hille huset og nytta det truleg til butikk ei tid.

Lærdal Apotek leigde lokale i huset frå 1863 til 1878. I 1896 starta Per Tomassen Stønjum butikk i huset. I 1921 leigde han ut lokale til det nystarta Lærdal Samvirkelag i bygget.

Huset står framleis og har adressa Øyramarki 1.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011