Hopp til innhold
X
Innhald

Mellomskulen i Lærdal

I 1914 starta sokneprest Torjus Kristensen Staksnes (prest i Lærdal 1906-1916) privat mellomskule i Lærdal.

Erik Nordberg var første redaktøren i sosialistavisa.

Erik Nordberg var første redaktøren i sosialistavisa.

Målstriden (sjå Noregs bitraste målstrid) gjorde at Staksnes flytta frå bygda to år seinare, og ein av lærarane, Erik Nordberg, tok over som styrar i to år. Deretter var det Lærdals Middelskolelag som dreiv skulen til kommunen overtok i 1945.

Etter at barneskulekrinsane på Lærdalsøyri og Hauge vart slege saman, vart det gamle skulehuset på Hauge brukt til mellomskule (middelskule) frå 1927. Eit hus vart flytta frå Lærdaløyri og sett opp til skulebygg på Hauge, der gardbrukarane i fellesskap stilte tomt til rådvelde. Ei tid vart det også halde snikkarkurs på Hauge.

Mellomskulen vart i 1957 flytta ned til Lærdalsøyri og endra namn til realskule, og var i drift til ungdomsskulen tok over i 1969. Skulen hadde ikkje eigen eksamensrett. Difor måtte elevane dei to første åra ta eksamen på Voss, seinare ved Bergen Katedralskole. Etter 1947 vart dei oppmelde til eksamen antan i Balestrand, Årdal eller Sogndal.

Realskulen vart avløyst av ungdomsskulen i 1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011