Hopp til innhold
X
Innhald

Militæraksjon og avretting

Lærdølene hadde fått kongebrev i 1563 på at dei hadde fritak for militærteneste fordi dei elles hadde mykje arbeid med vedlikehald og skyssing på vegen over Filefjellet. Siste stadfestinga på dette privilegiet fekk dei i 1777. Men den dansk-norske kongen låg støtt i krig, og hadde trong for soldatar.

Difor ville han ha slutt på den gamle ordninga i Lærdal: I 1799 fekk soknepresten i oppdrag å setje opp manntalsliste for sesjon (militær innskriving). Men lærdølene drog til prestegarden og truga presten til å utlevere lista, som bonden Anders Olson Lysne gøymde.

Lærdølene saboterte også seinare innkallingar til sesjon. Ein delegasjon med Anders Olson Lysne i spissen reiste til København for å overtale kongen om å halde seg til den gamle avtalen, men fåfengt.

I Lærdal vart folk no så opphissa at dei m. a. truga med å knuse vindauga på Storgarden Rikheim, der løytnant Rumohr budde.

I 1802 kom det til eit dramatisk oppgjer: Kongen vedtok etter råd frå General-Krigs-Commisaire von Haxthausen at det skulle sendast ein straffeekspedisjon på 500 soldatar til Lærdal.

Frå Bergen kom 2 kanonbåtar. I tillegg skulle lokale soldatar i Sogn hjelpe til om det vart naudsynt.

Frå Bergen kom 2 kanonbåtar. I tillegg skulle lokale soldatar i Sogn hjelpe til om det vart naudsynt.

Den store militærstyrken som marsjerte frå Hønefoss til Lærdal, var leia av løytnant Wilhelm Jürgensen. Opprørane hadde samla seg på garden til Anders Olson Lysne. Utan å gjere motstand vart Anders Olson Lysne og 10 andre bønder arresterte og stilte for retten.

Anders Olson Lysne vart dømd til døden av Høgsterett, og halshoggen den 1. juni 1803. Før øksa fall, skal Lysne ha sagt: «Hove mitt kan gao, men Kongens ord ska stao».

Anders Andersen Vold fekk livsvarig straffearbeid, og dei andre leiarane opptil seks års straffearbeid, men vart seinare benåda. Etter denne prosessen måtte lærdølene bøye seg og gjere militærteneste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011