Hopp til innhold
X
Innhald

Milorg på Frønningen

Sjå artiklane «Opprullinga av Milorg» og «Milorg i Sogn og Fjordane».

Etter at Gestapo hadde rulla opp Milorg-gruppene i Sogn og Fjordane i februar 1945, måtte leiaren, løytnant Ragnar Ulstein, røme hovudkvarteret i Sogndalsdalen. Etter ei dramatisk røming fekk han reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen, der dei hadde radiokontakt med England.

Sjå artiklane «Opprullinga av Milorg» og «Milorg i Sogn og Fjordane».

I april 1945 tok Sogne-gruppa med kodenamnet «Siskin» imot 45 tonn våpen i Hjønnevåg i Solund. Våpna vart skyssa framom tyske minebelte og vakter heilt inn til Frønningen, der dei vart gøymde i ei nedlagd jernmalmgruve på Solsnes. Frå Sogn gjekk store mengder våpen med bil austover. Svein Hovland frå Borgund var transportsjef for denne farefulle transporten.

Ei stor avdeling av den norske Quisling-horden leitte etter Milorg-folka i Sogn, men fann ikkje gøymestaden i Frønningen. I Frønningen fekk Erna Aasen i oppdrag å bake store mengder brød til dei norske heimestyrkane som låg der.

Ved freden 8. mai 1945 talde Milorg-styrken 480 mann. På fredsdagen vart 36 sende til Høyanger og 72 soldatar til Årdal for å ta seg av dei kapitulerte tyske soldatane og sikre at fabrikkanlegg ikkje vart øydelagde. Sjølv drog Ulstein til Sande i Gaular med 72 mann som skulle ta seg av den store tyske avdelinga i Førde og dei tyske festningsanlegga langs kysten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011