Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Borgund stavkyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Borgund stavkyrkje er bygd kring 1180 og er rekna som den best bevarte stavkyrkja i landet, og eit av våre fremste nasjonale klenodium. Alt på 1700-talet då det framleis stod ei mengd stavkyrkjer i norske bygder, vert Borgund-kyrkja omtala som ei ”Ekstraordinaire sær Stave Bygning”.

Den engelske lakselorden og kunstnaren James Randell sitt bilete av Borgund stavkyrkje frå 1854.

Den engelske lakselorden og kunstnaren James Randell sitt bilete av Borgund stavkyrkje frå 1854.

Denne modellen av Borgund stavkyrkje frå 1200-talet er utstilt på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Denne modellen av Borgund stavkyrkje frå 1200-talet er utstilt på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Borgund stavkyrkje med sine drakehovud, tårn og svalgangar vart nytta som førebilete då fleire norske stavkyrkjer vart restaurerte på slutten av 1800-talet. Dette gjeld m.a. Hopperstad stavkyrkje i Vik, kjøpt og sett i stand av Peter Andreas Blix.

Borgund stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen, og vert stort sett berre nytta som muséum. På grunn av stor turisttrafikk og slitasje er det bygd eit eige stavkyrkjesenter like ved kyrkja (sjå nedanfor).

Stod altaret i gamalt gudehov?

På ein haug like bak Borgund stavkyrkje reknar ein med at det gamle gudehovet i bygda låg. Det gamle steinaltaret i stavkyrkja kan ha vore flytta frå denne offerplassen. I steinaltaret er det hogge ut hol der ein kunne putte inn reklivier.

Runeskrifter på veggane

Inne i stavkyrkja er det rissa inn 30 ulike runeskrifter i veggane. Ei av runeskriftene fortel at kyrkja ligg på Kirkiutvelle – eller Kyrkjevoll som grenda heiter i dag. Inngangsportalen på vestsida er rikt utskoren med kjempande drakar og fabeldyr. Stavkyrkja har altartavle frå ca. 1610, preikestol frå 1550 og døypefont i kleberstein frå mellomalderen.

Stavkyrkja innvendig med altartavla. Foto: NRK.

Stavkyrkja innvendig med altartavla. Foto: NRK.

Eit drakehovud som pryda taket på kyrkja i mellomalderen og eit dåpsfat er teke vare på ved Sogn Folkemuséum. Den gamle kyrkjenøkkelen frå 1200-1400, eit figurfragment og ei lysekrune er på Bergen Muséum. Ved Bergen Muséum og på Oldsaksamlingen i Oslo er det teke vare på tre relikvieskrin frå mellomalderen, forma som små kyrkjemodellar.

Drakehovuda på Borgund stavkyrkje er kopierte ved restaureringa av fleire andre stavkyrkjer. Foto: Mechtild Reuber.

Drakehovuda på Borgund stavkyrkje er kopierte ved restaureringa av fleire andre stavkyrkjer. Foto: Mechtild Reuber.

Stavkyrkjekopi i USA

I 1969 vart ein nøyaktig kopi av Borgund stavkyrkje reist i Black Hills ved Rapid City i Sør-Dakota, USA. Kyrkjekopien vart finansiert av Arndt E. Dahl, som ville heidre sine norske foreldre på denne måten.

Stavkyrkjesenteret som vart opna i 2005. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stavkyrkjesenteret som vart opna i 2005. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nytt stavkyrkjesenter

Nytt stavkyrkjesenter

Stor turisttrafikk har ført til slitasje på den gamle stavkyrkja, og sommaren 2005 vart det opna eit nytt stavkyrkjesenter nokre hundre meter frå Borgund stavkyrkje. Bygget er på 500 kvadratmeter og kosta kring 14 millionar kroner. Her kan turistane med hjelp av foto og tekstar setje seg inn arkitekturen og historia til stavkyrkja.

Endå eldre kyrkje?

Under restaureringsarbeid på kyrkjetaket vart det i 2010 funne materiale som kan stamme frå ei endå eldre kyrkje. Analyse viser at denne materialen stammar frå perioden 1030-1160.

Restaurert for 14 millionar

Frå 2010 til 2012 vart det gjort eit stort arbeid for å ta vare på Borgund stavkyrkje. Alle dei 5652 takspona måtte bytast ut på grunn av råteskade. I alt vart det lagt ned 14 millionar kroner i restaureringa.

Stavkyrkja etter restaureringa som var ferdig i 2012. Foto: NRK.

Stavkyrkja etter restaureringa som var ferdig i 2012. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2012