Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Hansson Haugane

Nils Hansson Haugane (1812-1892) frå garden Haugane i Erdal. Gardbrukar og spelemann. Han gjekk på folkemunne under namnet ”Garden”, og var ein fast spelemann på Lærdalsmarknaden midt på 1850-talet. Ein av dei tilreisande som lærde slåttar av ”Garden” og broren hans, Per, var meisterspelemannen Ola Mosafinn (1828-1912) frå Voss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009