Hopp til innhold
X
Innhald

Noregs bitraste målstrid

Nynorsk salmesong mot Bjørnstjerne Bjørnson

Den hardaste - og truleg mest komiske - striden kring innføring av nynorsk som skulemål i Noreg gjekk føre seg i Lærdal kring 1910. Her vart både salmesong, Bjørnstjerne Bjørnson, beinbrot, avlsoksar og departement dregne inn i kampen.

Nynorsk salmesong mot Bjørnstjerne Bjørnson

I 1908 vedtok Lærdal skulestyre å innføre nynorsk som skulemål i alle krinsane så nær som dei to øvste krinsane i Borgund; Berge og Hegg. Vedtaket vekte sterk strid, og i spissen for boksmålsfolket stod prest og distriktslege. Bjørnstjerne Bjørnson hadde vore i Lærdal i 1899 og mana bokmålsfolket til kamp. Møtet vart halde 12. desember 1899 i Turnhuset på Lærdalsøyri, lagshuset til Lærdal Turnforening. Då distrikslege og riksmålsmann Møinichen etter den flammande talen til Bjørnson ropte "Et tre ganger tre hurra for Bjørnson" var det dårleg med respons. Formannen i ungdomslaget, Olaus Dahle, takka diktarhovdingen for alt han hadde gjort som forfattar og for norsk sjølvvstende, men han sa og at når Bjørnson no gjekk til kamp mot det norske målet så kunne ikkje ungdomen fylgje han lenger. Då vart Bjørnson arg, slo i talarstolen og ropte at det ikkje skulle vere noko diskusjonsmøte. Han var der for å halde føredrag, og ville ha seg fråbedd meiningsytringar etterpå. Då stemde Dahle i med "Gud signe Noregs land". Då ropte Bjørnson: "Hvorfor synger dere Garborgs fedrelandssang i mine møter?" Før Dahle fekk svara, stemde møtelyden i med "Målet hennar mor". Bjørnstjerne Bjørnson forlet salen i sinne i lag med sonen Erling.

I 1909 måtte skulestyret bøye av og gje krinsane valfridom mellom nynorsk og bokmål. Men heller ikkje dette roa gemytta.

Interiøret i Turnhuset, der Bjørnson heldt tale i 1899. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Interiøret i Turnhuset, der Bjørnson heldt tale i 1899. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Sokneprest Jonas Theodor Laland engasjerte seg sterkt mot nynorsk som skulemål.

Sokneprest Jonas Theodor Laland engasjerte seg sterkt mot nynorsk som skulemål.

Beinbrot og bokmålskupp

Ved kommunevalet 1910 var målsaka einaste kampsak. I det nye skulestyret vart det åtte mot åtte, og formannsvalet måtte avgjerast ved loddtrekking. Nynorskfolket fekk skulestyreformannen. Men kort tid etter braut han foten. Distriktslege Møinichen, som var ihuga bokmålsmann, såg no sin gylne sjanse: Han beordra stakkaren med beinbrotet til sengs i seks veker! Og med nynorskformannen ute av spel, freista distriktslegen på eit kupp: Han ville velje ny skulestyreformann medan nynorskmannen låg til sengs og boksmålssida var i fleirtal.

Med nøkkelen til sengs

Men den beinbrotne Per Øvrevoll nekta varaformannen å kalle saman skulestyret: - «Det skjer ikkje før eg er ute av senga!» - Og for å vere på den sikre sida, låste han like godt ned både møtebok og skulearkiv og tok nøkkelen med seg til sengs! Bokmålsfolket freista å truge til seg nøkkelen, men Øvrevoll nekta plent. Men den arge distriktslegen gav seg ikkje: Han kjøpte like godt ny møtebok, heldt møte med sine «eidsvorne» bokmålsfolk (dei var dei einaste som ville møte) - og vart sjølvsagt vald til formann samrøystes!

Stuten til bokmålstilhengaren ville ikkje nynorsktilhengaren vite av. Teikning: Heidi Lise Bakke.

Stuten til bokmålstilhengaren ville ikkje nynorsktilhengaren vite av. Teikning: Heidi Lise Bakke.

Bokmålsstuten og sørlandsbokmål

Nynorskfolket vart galne på slik åtferd og fekk skuledirektøren til underkjenne både «kupp-møtet» og møteboka derfrå. I bygda var striden så kvass at ein bonde nekta å pare kyrne sine med avlsstuten som stod i fjøset til ein bokmålsmann.

- Ikkje nokon «bokmålsstut» til mi ku, nei!, sa nynorskbonden.

Målstriden i Lærdal vekte merksemd i heile landet, vart omtala i rikspressa og kom opp i Stortinget. Saka enda i departementet som gav skuledirektøren medhald. Han reiste til Lærdal for å mekle. Men frontane var iskalde: Den sengeliggjande formannen tviheldt for sin del på nøkkelen til arkiv og møtebok. Distriktslegen på den andre sida godtok ikkje «overkøyringa» frå departementet, og kversette like godt posten som kom til skulestyret. I Tønjum krins, der presten heldt til, tok bokmålsfolket ungane ut av «nynorsk-skulen» og starta eigen privatskule. Privatlæraren var frå Sørlandet, og gjorde seg flid med å få ungane til å lese bokmål med sørlandsk aksent, for lærdalsmålet var ikkje godt nok grunnlag for sobert bokmål, må vete!

Varafolk som veggpryd

Ut på våren var den «ekte» skulestyreformannen frisk og kalla saman til møte - der det igjen var åtte mot åtte. Bokmålsfolket nekta framleis å bøye seg for departementet og insisterte på at deira «val-kupp» til fordel for bokmålsformann skulle godkjennast.

Skuledirektøren var til stades på møtet, og nekta å bøye unna for dette presset. Bokmålsfolket gjekk då frå møtet, men ikkje lengre unna enn at dei kunne fylgje med.

Innpiskarar på sykkel

Skuledirektøren tok styringa og kravde innkalla varamenn, og sykkelryttarane fauk opp og ned dalen for å skrape saman nok varamenn til lovleg møte. Etter eit par timar samlast varamennene. Men no kvikna dei som hadde gått frå møtet i protest til att, og kravde å få møte. Dermed måtte dei stakkars varamennene vike plass og stå som veggpryd og sjå på. Distriktslegen vart vald til skulestyreformann ved loddtrekking. Men begge partar lova skuledirektøren at kvar skulekrins skulle få avgjere kva målform dei ville nytte.

I skulestova i Erdal vart det undervist på nynorsk frå 1911. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I skulestova i Erdal vart det undervist på nynorsk frå 1911. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved folkerøysting i 1911 vart det fleirtal for innføring av nynorsk i krisane Vindedalen, Strendene, Erdal, Hauge og Rikheim, medan Ljøsne fylgde etter med nynorsk frå 1921, Lærdalsøyri frå 1922 og Tønjum i 1924. Husum krins gjekk ikkje over til nynorsk før i 1935, Berge i 1939 og Hegg som den siste med nynorsk i 1947.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2011