Hopp til innhold
X
Innhald

Nosyko AS

Rolf Jerving.

Rolf Jerving.

Nosyko AS vart skipa i Lærdal i 1970 av Rolf Jerving jr. Selskapet vart aksjeselskap i 1985. Firmaet driv i hovudsak rettleiing og planlegging innan sjukehusbransjen, men utviklar også anna programvare for bygningsindustrien.

Sidan 1995 har Nosyko seld eit eigenutvikla dataprogram for utstyr og romfunksjonar for sjukehus. Nosyko har m.a. avtalar med Statsbygg om å utvikle dataløysingar for planlegging av helsebygg, og har m.a. også hatt oppdrag for operahuset i Bjørvika i Oslo.

I 2007 hadde firmaet 12 tilsette og ei åromsetning på kring 12 millionar kroner.

I 2008 fekk Nosyko og andre norske verksemder eit stort oppdrag med sjukehusutbygging i Århus i Danmark. Nosyko har difor starta eiga Danmarks-avdeling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011