Hopp til innhold
X
Innhald

Ny europaveg gjennom Lærdal

Rett før opninga av Seltåstunnelen i 2003. Den gamle vegen er no turistveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Rett før opninga av Seltåstunnelen i 2003. Den gamle vegen er no turistveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Etter at Lærdalstunnelen vart opna, har særleg tungtrafikken gjennom Lærdal auka sterkt. Dei siste åra har det gått føre seg store anleggsarbeid på den nye stamvegen opp gjennom dalen: Under Seltåsen er det bygt tunnel - Seltatunnelen - på 1630 meter som vart opna i 2005. Under Vindhella frå Husum og aust om Borgund stavkyrkje er det bygt tunnel på 3050 meter - Borgundtunnelen - som vart opna i 2006, og Tuftåstunnelen aust for Steinklepp på 1990 meter vart opna i hausten 2008. I prosjektet er det også bygt tre nye bruer.

Den nye veglina kortar inn europavegen gjennom dalen med 2,2 kilometer. I 2010 opna endå ei ny strekning med utbetra veg mellom Saue og Seltun. Ved årsskiftet 2010/2011 starta opprustinga av europavegen frå Borlaug til fylkesgrensa på Filefjell. I juli 2014 vart den 4050 meter lange Borlaugstunnelen opna for trafikk. I september same året vart resten av den nye strekninga til Smedalsvatnet opna. Også på Opplands-sida har vegstellet gjort ein god del utbetringar i smale parti kring Øye, Valdres-bygda som ligg lengst opp mot Filefjell. Ved Nystova skal det byggjast ein ny tunnel, og ute i dagen skal vegbana hevast for å hindre at vegen bels att om vinteren. Dette arbeidet starta i 2014.

Raskaste vegen til Oslo

Når E16 (tidlegare E68) på Lærdals-sida av fjellet er ferdig, vert strekninga Bergen-Oslo nøyaktig like lang å køyre om Lærdal som gjennom Aurlandsdalen. Sjølve E16 Bergen-Oslo gjennom Valdres vert berre 17 kilometer lengre enn dei to andre alternativa over Hemsedalsfjellet og Aurlandsfjellet. Total lengde frå Oslo til Bergen over Filefjell vert 498 kilometer.

Den stadig aukande tungtrafikken mellom Austlandet og Vestlandet slepp no køyre den smale og uoversiktelege vegen under Seltåsen. Linjegods-bilen kjem ut av Borgundtunnelen og er få sekund seinare inne i Seltåstunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den stadig aukande tungtrafikken mellom Austlandet og Vestlandet slepp no køyre den smale og uoversiktelege vegen under Seltåsen. Linjegods-bilen kjem ut av Borgundtunnelen og er få sekund seinare inne i Seltåstunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015