Hopp til innhold
X
Innhald

Nynorsk salmesong mot Bjørnstjerne Bjørnson

I 1908 vedtok Lærdal skulestyre å innføre nynorsk som skulemål i alle krinsane så nær som dei to øvste krinsane i Borgund - Berge og Hegg. Vedtaket vekte sterk strid.

I spissen for boksmålsflokken stod prest og distriktslege. Bjørnstjerne Bjørnson kom til Lærdal og mana bokmålsfolket til kamp. Etter foredraget til forfattaren avslutta nynorskfolket i salen møtet med å syngje ein salme på nynorsk! I 1909 måtte skulestyret bøye av og gje krinsane valfridom mellom nynorsk og bokmål. Men heller ikkje dette roa gemytta.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011