Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Helge Brugrand

Odd Helge Brugrand fødd 1972 på Ljøsne. Journalist og forfattar. Utdanna ved Høgskolen i Bodø som journalist i 2001, har arbeidd som journalist i m.a. Sogn Avis, Nordlandsposten, Adresseavisen, VG, Se og Hør og Aftenposten.

I 2004 flytta han til Tallinn i Estland, der han har oppretta firmaet Baltic-Scandinavian Press Agency. Derifrå leverer han artiklar og foto frå Baltikum til norske medier.

I 2010 gav Brugrand ut boka "16 år og Hitlers soldat" (Kagge Forlag) om trønderen Ivar Skarlo som verva seg til Hitlers SS-Divisjon Wiking under andre verdskrigen.

I 2011 kom første boka i ein serien ”Sett fra oven”, ”Lærdal sett ovanfrå” med Brugrand som tekstforfattar og med foto av Lasse Tur.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016