Hopp til innhold
X
Innhald

Oddkjell Bosheim

Oddkjell Bosheim. Foto: Ragnar Albertsen.

Oddkjell Bosheim. Foto: Ragnar Albertsen.

Oddkjell Bosheim (1926-2013) frå Nord-Aurdal, busett på Lærdalsøyri. Teleingeniør og lokalhistorikar. Tilsett ved Lærdal telestasjon 1954-1978, derav kst. telegrafstyrar 1973-1979, og etter omorganiseringa av Televerket teleingeniør i Sogndal til 1991.

Bosheim gjorde eit viktig arbeid for å få lokalisert og restaurert dei eldste ferdslevegane gjennom dalen og «saltvegane» på fjellet mot Fodnes. Særskilt gjeld dette den gamle Postvegen, i Steineåsen og Sæltåsen.

Han har samla historia og gjenstandar til Norsk Telemuseum som vart opna i Lærdal 1993.

Saman med Dagfinn Hegg Lunde har han registrert det gamle vetesystemet i Indre Sogn.

Bosheim fekk den kommunale kulturprisen i 1966.

I 2011 gav han alt materialet han hadde samla til Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013