Hopp til innhold
X
Innhald

Oddmund Einemo

Oddmund Einemo starta som maskinentreprenør og lastebilsjåfør på Lærdalsøyri i 1939. Han bygde bilverkstad og bensinstasjon på Brattegjerdet, eit par kilometer aust for sentrum, i 1951. Sonen Jetmund Einemo tok seinare over entreprenørforretninga og har drive den under firmanamn Einemo AS. I 2007 hadde Einemo AS åtte tilsette og ei omsetning på kring seks millionar kroner.

Bilverkstaden og bensinstasjonen på Brattegjerdet vart kring 1963 leigd av Ivar Grønsberg (sjå også Grønsberg & Sønner A/S), som dreiv den ei tid. I 1970 overtok Bjarne Bækken. Han dreiv bilforretning, verkstad og bensinstasjon fram til anlegget vart lagt ned i 1975 og bygningane rivne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009