Hopp til innhold
X
Innhald

Offerdal Hotell

Offerdal Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Offerdal Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Offerdal Hotell på Lærdalsøyri vart starta som pensjonat i 1947 av Jens og Kirsti Offerdal. Pensjonatet sette opp nybygg i 1972 og utvida i 1979 og 2000.

Midt på 1980-talet skifta verksemda namn til Offerdal Hotell. Hotellet har 70 senger.

I 2006 vart hotellet selt til MK Eigedom. Bak dette selskapet står Molde Invest og Kleiven Sogn AS. Hotellet har 70 senger. Sidan eigarskiftet i 2006 har det vorte leigd bort til Lindstrøm Hotel (sjå Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm), og namnet er endra til Grandane Hotel.

Den første bygningen til Offerdal Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første bygningen til Offerdal Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2014