Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Hunderi

Ola Hunderi fødd 1939 i Lærdal, busett i Trondheim. Professor i fysikk, og er internasjonalt kjend for forsking på korrosjon (nedbryting) på overflater til ulike materialar.

Utdanna ved NTH i Trondheim og tok doktorgraden i fysikk ved University og Maryland, USA i 1970. Hadde ulike forskarstillingar i Noreg, USA, New Zealand og Sverige før han i 1975 vart vikarierande professor ved det tekniske universitet i Gøteborg i 1975-1976. Forskar, undervisar og vikarierande professor ved metallurgi-avdelinga ved NTH i Trondheim 1976-1981, forskar ved SINTEF og professor II ved institutt for materialvitskap ved NTNU i Trondheim 1981-1982. Frå 1981 professor ved same universitet i anvendt optikk. Frå 1987 til 1992 forskingsdirektør ved avdeling for anvendt fysikk ved SINTEF.

Hunderi har sidan 1985 hatt fleire gjesteprofessorat ved utanlandske universitet, og har hatt ei rad tillitsverv innan forskingsmiljø og administrasjon ved NTNU, NTNF og internasjonalt. Han har gjeve ut 170 vitskaplege skrifter og sit i redaksjonen for internasjonale vitskapstidsskrift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2009