Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Larsson Skjær

Skjær var ordførar i Lærdal 1917-1922 og 1926-1937, og i fylkesstyringa var han medlem av fylkesutvalet.

Olav Larsson Skjær (1880-1971) frå Skjær i Lærdal. Bonde, lærar og politikar. Han arbeidde som lærar i Erdal frå 1904 til 1942.

Skjær var ordførar i Lærdal 1917-1922 og 1926-1937, og i fylkesstyringa var han medlem av fylkesutvalet.

Skjær var i mange år styreformann i Lærdal Sparebank. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.12.2009