Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Kornelius Berntsen

Ole Kornelius Berntsen frå Borgund på Sunnmøre starta eiga bakarforretning på Lærdalsøyri i 1882. Han hadde då i nokre år vore bakar på Lindstrøm Hotel. I 1895 overtok Ola Jakobsen Vindedal bakeriet, og i 1917 vart det kjøpt av bakarmeister Otto Ravn Ottosen (1885-1969).

Han kjøpte seinare bakeriet til Lars Frugård som vart starta ein gong på 1890-talet. Ravn Ottosen hadde dermed to bakeri på Lærdalsøyri, og han starta også ein kjeksfabrikk. Han leverte m.a. til Bergen, men la ned omlag då Lærdal og Borgund Produksjonslag starta sitt bakeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011