Hopp til innhold
X
Innhald

Oppgangssag i Vindedal

Vindedal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vindedal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også i Vindedal var det oppgangssag heilt frå 1600-talet. I Vindedalen, ved Erdal og i Goviki ved Fodnes var det skogalmenningar. Oppgangssaga i Ytre Vindedal er nemnd første gong som skatteobjekt i 1614.

Oppgangssaga i Vindedal var eigd av rike byborgarar og embetsmenn i dansketida, og tok også imot tømmer for skjering frå Strendene på nordsida av fjorden. På same vis som i Frønningen, vart det bygt vassførande trerenner som tømmeret vart fløytt i ned til saga ved fjorden.

Saga i Ytre Vindedal vart riven då vegen til Revsnes vart bygt i 1966.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009