Hopp til innhold
X
Innhald

Oskar Brugrand

Olav O. Brugrand med første lastebilen sin. Seinare bygde sonen Oskar ut firmaet til eit stort transportfirma.

Olav O. Brugrand med første lastebilen sin. Seinare bygde sonen Oskar ut firmaet til eit stort transportfirma.

Odd Inge Brugrand er dagleg leiar. Foto: Steinar Kvigne.

Odd Inge Brugrand er dagleg leiar. Foto: Steinar Kvigne.

Oskar Brugrand starta transport- og maskinentreprenørforretning på Ljøsne i 1965. Då bygde han vidare på lastebilfirmaet som faren Olav O. Brugrand hadde starta alt i 1927, då han kjøpte sin første lastebil. Han leigde sandtak på Ljøsne og selde grus og sand.

Verksemda vart aksjeselskap i 1995, og driv m.a. med langtransport. Firmaet hadde fram til 2008 også renovasjonskøyring for SIMAS i heile Sogn vestover til Lavik.

I 2006 hadde verksemda 16 tilsette og ei omsetning på vel 18 millionar kroner. Odd Inge Brugrand har dei siste åra vore dagleg leiar.

På garden Brugrand vart det frå kring 1947 til 1965 drive både pensjonat og kafé, og i 1981 vart det sett opp nytt servicebygg på 300 kvm. for transportforretninga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011