Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor/Scanpix
Foto:Statsministerens kontor/Scanpix
X
Innhald

Otto Blehr

Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.

Otto Albert Blehr vart fødd i Stange i Hedmark 17. februar 1847 og døydde 13. juli 1927.
Otto Albert Blehr gjekk inn og ut av Venstre-regjeringar i over 30 år, og to gongar var han sjølv regjeringssjef. Begge gongane sat han likevel for kort til å bli skikkeleg varm i statsministerstolen. Han møtte som varamann på Stortinget i perioden 1880 til 1882, men vart fast ved valet i 1882. Han vart plassert i protokollkomiteen, og i 1883 vart han vald til ein av tre aktorar i riksrettssaka. Det var også han som førte ordet under den viktigaste delen av prosedyren, og han utforma det punktet i påtalen som omhandla kongens veto.
Sjå video frå NRK Skole: "Venstre er Norges eldste parti":
 
Folkesuverenitet
Den unge juristen fekk her sin elddåp, og den kom han seg godt gjennom. Det viser dei dokumenta frå riksrettsprosessen som Blehr har vore opphavsmann til. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova. Det var med grunnlag i folkesuvereniteten forsamlinga på Eidsvoll hadde vedteke grunnlova. Ein spurte ikkje kongen om sanksjon. Den same folkesuvereniteten kunne ikkje brått forsvinne fordi grunnlova var vedteken, hevda Blehr.
I studietida hadde han innpass i mange av dei rike familiane i Kristiania, men etter riksretten var dørene stengde. I mange år vart han blant sosieteten i hovudstaden stempla som riksrettsaktoren.
Jurist og journalist
Otto Blehr voks opp i ein velståande embetsmannsheim i Hedmark. Far hans var amtsfysikus, men det var jurist Otto Blehr ville bli. I studietida deltok han aktivt i Studentersamfundet. Han høyrde der til den nasjonale gruppa, og i 1871, året etter han var ferdig med eksamen, var han formann i Studentersamfundet.
Same året prøvde han seg som journalist. Han var stortingsreferent i Dagbladet og politisk medarbeidar i Bergensposten i åra 1871 - 1872. I dei åra vart han lommekjent i Stortinget og skaffa seg mange nyttige kontaktar i det politiske miljøet. I 1874 var han med på å skipe Fjordenes blad, no Fjordabladet, på Nordfjordeid. I 1877 var han med på å skipe Sogns Tidend på Lærdalsøyri, og var også den førse redaktøren der.
I 1873 vart han konstituert som sorenskrivar i Nordfjord og flytte til Nordfjordeid. Der kasta han seg inn i den politiske kampen på Johan Sverdrup si side. Han deltok på folkemøte, og vart lagt merke til. I 1876 vart han vald til valmann. På den tida var stortingsvalet indirekte. Veljarane i ein valkrins valde ei forsamling valmenn, og det var denne forsamlinga som med vanleg fleirtal valde stortingsrepresentantane. Slik var det fram til 1906.
I 1879 var det like før Blehr fekk fleirtal i valmannsforsamlinga, men då var det nokre av valmennene som bad amtmannen om å utsetje valet. Dei hadde noko viktig å fortelje: Blehr hadde «bespottet Gud og Kongen». Det vart då fortalt at han på ein båttur eit par år tidlegare hadde kalla læra om kongedømmet av Guds nåde for «noget vrøvl».
Det var nok til at nokre av valmennene endre stemmegiving, og Blehr rakk ikkje høgare enn til å bli første varamann, men ved det neste valet, i 1882 fekk han alle venstrestemmene på valmannstinget for Nordre Bergenshus. I 1888 vart ikkje Blehr attvald, men var konstituert fut i Sogn og Fjordane med sete i Førde. Året etter vart han utnemnd til lagmann i Hålogaland, og ved det første valet han stilte i etter det, i 1894, vart han difor vald frå Nordland.
Politikken sjakkspelar
I riksrettsstriden var Johan Sverdrup den store talaren. Det var han som agiterte, mens den særs nøkterne Blehr var den som måtte bygge opp den juridiske argumentasjonen for Sverdrups krav. Wilhelm Keilhau skriv i Norsk Biografisk Leksikon at Blehr hadde sjakkspelarens evne til å tenkje i fleire trekk og til å kunne analysere posisjonen til motstandaren. Han kom ikkje med i Sverdrups regjering, og vart utover i siste halvdel av 1880-åra meir og meir skeptisk på det religiøse trongsyn som trengde seg inn i Venstre.
I sak var han difor samd med den grupperinga som kalla seg Reine Venstre, men han mislikte så sterkt splittinga at han ikkje ville bryte banda til den moderate delen av partiet. Blehr og nokre andre med same synet vart difor kalla «nomadane». Det kom av at dei vandra mellom gruppene. Blehr prøvde også å få utvida Sverdrup si regjering med folk frå venstrefløya, men lukkast ikkje.
Statsminister i Stockholm
I februar 1891 skipa Johannes Steen si første regjering med statsrådar berre frå Reine Venstre. Blehr vart tilkalla frå sin posisjon som lagmann i Hålogaland og utnemnd til statsminister og sjef for statsrådsavdelinga i Stockholm.
På det tidspunktet når det var unionspolitikken som skulle bli Venstres fanesak, vart stillinga som statsminister i Stockholm ei av dei viktigaste og vanskelegaste i regjeringa. Av same grunn fekk Blehr også stor innverknad på Venstres unionspolitikk i åra som kom, men han tykte nok stundom at partiet gjekk for fort fram. Som Christian Michelsen var han skeptisk til det som vart kalla Venstres «knyttenevepolitikk» i unionssaka. Det var vel også juristen i Blehr som stundom hadde vanskar med å finne lovgrunnlaget for Venstres krav.
Som norsk statsminister i Stockholm var det Blehr som den 22. juni 1892 hindra kongens nekting av sanksjon mot løyvinga på 50 000 kroner til eige norsk konsulatvesen. På førehand hadde Blehr fått eit tips om at kong Oscar II kom til å nekte sanksjon. Først prøvde Blehr å overtale kongen til å gi sanksjon. Men kong Oscar hadde ikkje tolmod til å vente og drog fram ei dokument der det stor at han ville nekte sanksjon av løyvinga. Blehr sa då at kongen hadde gjort eit vedtak utan å ha høyrt synet til det norske statsrådet, og på det grunnlaget fann han å måtte levere inn regjeringa sin søknad om avskjed. Kongen hadde ikkje rekna med ein slik reaksjon, og bad om at saka måtte utsetjast. Det var ho også, til neste statsråd i Kristiania, men med same resultat.
Den første unionskrisa
Regjeringa hadde ferdigskriven søknad om avskjed, og når kongen nekta sanksjon så var avskjedssøknaden levert inn. Utan ein statsminister (eller ein statsråd) som ville medunderskrive - kontrasignere - kongen si sanksjonsnekting var ho heller ikkje gyldig. På den måten innleidde Blehr den første av dei unionelle krisene i 1890-åra, og han viste ei oppskrift som vart nytta også til å bryte ut av unionen i 1905.
Både i 1814 og i tida etterpå var oppfatninga at statsministeren hadde plikt til å medunderskrive kongen sine vedtak, men etter gjennombrotet for parlamentarismen vart grunnlova omtolka på dette punktet, slik at regjeringa ikkje kunne tvingast til å underskrive på eit kongeleg vedtak regjeringa var usamd i. Det var ein naturleg konsekvens av at det etter 1884 var regjeringa som hadde det parlamentariske ansvaret for kongens vedtak.  Dermed fekk regjeringa eit maktmiddel overfor kongen. Ikkje minst Blehr var sentral i utforminga av dette maktmiddelet.
Han sat som statsminister i Stockholm under begge dei to regjeringane til Johs. Steen, og særleg under den siste regjeringa vart Blehr meir og meir den mannen som styrte Venstres unionspolitikk. Han representerte også «realismen» i unionspolitikken.
Den 17. oktober 1900 kom ein formell invitasjon frå Sverige om forhandlingar om konsulatsaka, og mange av dei mest aksjonslystne i Venstre mistenkte Blehr for å ha ordna invitasjonen. Fleire av statsrådane ønskte då også heller aksjon enn forhandlingar, og statsministeren sjølv, Steen, var gamal, trøytt og i tvil.
Forhandlingar
I april 1902 gjekk Steen av, og kampen om å bli etterfølgjaren tok til. Blehr sigra med knapp margin i ei avstemming i Stortingets Venstreforening, og han fekk i oppdrag å skipe ny regjering. Etter mykje list greidde han også å få alle dei gamle statsrådane til å bli sitjande. I tillegg fekk han med seg folkerettseksperten Sigurd Ibsen. Han var hovudmannen bak eit utkast som viste at eit særleg norsk konsulatvesen kunne skipast utan å skiple ved fellesskapen i utanriksstyret.
På dette grunnlaget gjekk regjeringa Blehr inn for forhandlingar med Sverige, og oppnådde semje med svenskane om korleis konsulatsaka kunne løysast. Det viste seg likevel at det fanst formuleringar i det felles norsk-svenske kommunikeet av 24. mars som krefter i Venstre ikkje ville godta.
Blehr kasta to statsrådar i eit forsøk på å få fred, men den interne striden i Venstre medverka til at partiet tapte valet i 1903. På den tida kunne ikkje statsminister eller statsrådar stille til val, og etter at Venstre-regjeringa måtte gå, forsvann Otto Blehr ut av norsk politikk i ein lang periode.
I over ti år framover var han bortimot ein politisk død mann for Venstre. Etter at han gjekk av i 1903 vart han lagmann og i 1905 stiftsamtmann (fylkesmann) i Kristiania. Han nytta likevel høvet til å markere seg i 1905, då han støtta opprop til fordel for republikk.
Attende til makta
Etter kvart vart det likevel bruk for han på nytt. Han vart formann i den norske delegasjonen som skulle forhandle fram ein reinbeiteavtale med Sverige, og der gjorde han ein framifrå jobb som vart lagt merke til.
I 1915 vart han utnemnd til vikarierande finansminister i nokre månader mens den ordinære finansministeren i Gunnar Knudsens regjering, Anton Omholt, var sjuk. Dette var nok til at statsminister Knudsen tok han inn i regjeringa som justisminister i 1917. Otto Blehr var no 70 år og igjen med i regjeringa, 26 år etter at han vart norsk statsminister i Stockholm.
Tilhøvet mellom Knudsen og Blehr hadde tidlegare vore heller kjøleg. Blehr hadde meir sans for borgarleg samarbeid enn det Knudsen hadde.
Med si lange røynsle vart Blehr ein styrke for Knudsen-regjeringa, men det viste seg også no at han kom etter kvart meir og meir i utakt med den eigenrådige statsministeren.
74 år og statsminister
Då Gunnar Knudsen i juni 1920 stilte kabinettspørsmål på ein einsleg million kroner på vegbudsjettet, var Blehr saman med fleirtalet av statsrådane kraftig motstandar av statsministerens handlemåte. Regjeringa vart felt på denne saka, og ei Høgre-regjering under leiing av Otto B. Halvorsen tok over.
Denne regjeringa vart felt etter berre eitt år, og i juni 1921 var det på nytt Venstres tur. Då nekta Gunnar Knudsen å bli statsminister, og Venstre vende seg til veteranen Otto Blehr. Han var då 74 år, men var framleis ein populær mann i Venstre, og litt av ein høvding. 
Strid om alkohol og fisk
Politikken var dominert av at Noreg som følgje av det vedtekne importforbodet mot heitvin og brennevin låg i handelskrig med Spania og Portugal. Før Blehr tok over hadde Stortinget vedteke at Noreg kunne forplikte seg til å importere brennevin og heitvin til vitskapeleg, medisinsk og teknisk bruk. På dette grunnlaget vart det prøvd å få til avtalar med Spania og Portugal.
Ein avtale med Spania om tvangskjøp av 500 000 liter heitvin årleg gjekk igjennom i Stortinget, men desse forhandlingane svekka i høg grad Venstres posisjon blant veljarane, og ved valet i 1921 gjekk partiet ned frå 51 til 37 representantar.
Trass i valnederlaget vart Blehr-regjeringa likevel sitjande. Opposisjonen var ikkje interessert i å ta over akkurat då. Blehr hadde også problem med usemje i Venstre om ein skulle halde fast på vin- og brennevinsforbodet som vart innført etter folkeavstemninga i 1919, eller om ein skulle oppheve det.
Også innanfor regjeringa var det usemje, og då fleirtalet i regjeringa i mars 1923 gjorde framlegg om å inngå ein mellombels avtale med Portugal som batt Noreg til å kjøpe 850 000 liter heitvin, var det slutt. Med 119 mot berre 28 stemmer vart framlegget forkasta, og regjeringa Otto Blehr måtte gå.
Striden handla ikkje berre om alkohol, men også om fisk. Fordi Spania og Portugal ikkje fekk eksportere heitvin, nekta desse landa å kjøpe fisk frå Noreg, og kysten var i opprør. I denne saka som i så mange andre både før og sidan sto moralen og handelen mot kvarandre. I den siste regjeringsperioden sin var nok Blehr merkt av alderen.
Han var ikkje sterk nok til å halde regjeringa samla, og den store Gunnar Knudsen sat i stor grad med makta, sjølv om han sat utanfor regjeringa. Otto Blehr var 76 år då han vart felt som statsminister, og han er difor den eldste statsministeren Noreg har hatt. Han døydde 13. juli 1927.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/281881 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 13.03.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018