Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Pederson Hjermann

Minnestøtte over Eidsvoll-mannen Peder S. Pederson Hjermann på heimegarden Stødno. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestøtte over Eidsvoll-mannen Peder S. Pederson Hjermann på heimegarden Stødno. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Peder Pederson Hjermann. Måleri av Ragna Henning Larsen, eigd av Eidsvoll 1814.

Peder Pederson Hjermann. Måleri av Ragna Henning Larsen, eigd av Eidsvoll 1814.

Peder Pederson Hjermann (1754-1834) frå Stødno. Bonde og ein av dei fem utsendingane frå Sogn og Fjordane til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Dei andre var sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Amla, sokneprest Niels Nikolai Nielsen frå Eid, kaptein Ole Elias Holck frå Alværa og bonde Nils Loftesnes frå Sogndal.

Hjermann var ei tid også postopnar i Lærdal.

Peder var femte generasjon Hjermann på Stødno-garden, og slekta har vore på garden i ubroten line sidan.

Han var far til stortingsmann Peder Severin Pederson Hjermann (1810-1862), tippoldefar til stortingsmann Per Severin Hjermann og tipptippoldefar til Per S. Hjermann.

Minnestein over Eidsvoll-mannen er reist på ættegarden på Stødno.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.05.2014