Hopp til innhold
X
Innhald

Pelsdyrnæringa i Lærdal

Far og son Molde, begge heitte Olav O., med ein rev på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Far og son Molde, begge heitte Olav O., med ein rev på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Pelsdyrnæringa vart det store satsingsområdet som tilleggsnæring i jordbruket i mellomkrigstida. I Nordfjord utvikla Gloppen seg til eit senter for den nye næringa. I Sunnfjord vart det Naustdal, og i indre Sogn fekk pelsdyroppdrett særleg sterkt fotfeste i Lærdal.

(Sjå elles under Vågsøy kommune om pelsdyrpioneren Pelsdyrpionér Ole M. Totland, og om pelsdyrnæringa under «Historia i Gloppen».)

Den første sølvreven kom til Lærdal i 1926. Fleire stader slo gardbrukarane seg saman i aksjeslag og bygde pelsgardar. Ein slik vart bygd på Ljøsne i 1928, der dei dreiv med sølvrev fram til 2. verdskrig.

Stor del av inntekta

Ein av pelsdyrpionerane var Olav O. Molde, som starta med sølvrev i 1929 og blårev frå 1937. I 1935 hadde Lærdal over 5000 pelsdyr, og inntektene av pelsdyravlen svara til 17 prosent av inntekta på gardane i kommunen.

Utstillingshall og fôrkjøkken

På 1930-talet vart det bygt utstillingshall på Lærdalsøyri og seinare felles fryseri for revefor på Ljøsne. Kring 1960 vart det bygd stort fryseri på Lærdalsøyri som m.a. tok imot fôrråstoff frå fiskeindustrien i Finnmark, og eit par år seinare vart det bygd fôrkjøkken på Tønjum. Fôrkjøkkenet var i drift til ut på 1990-talet, og bygningen vart riven for å gje plass til ny E68. No får pelsoppdrettarane fôret frå fôrkjøkken i Valdres.

Ivar Molde har halde fram familietradisjonen med pelsdyravl, og driv framleis med det i 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ivar Molde har halde fram familietradisjonen med pelsdyravl, og driv framleis med det i 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Revefarmen til Ivar Molde i 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Revefarmen til Ivar Molde i 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011