Hopp til innhold
X
Innhald

Per Anderson Lysne

Per Anderson Lysne (1880–1947) frå Lærdalsøyri, busett i USA. Rosemålar.

Per Anderson Lysne (1880–1947) frå Lærdalsøyri, busett i USA. Rosemålar.

Son til den mannen som gjekk under namnet «Stormålaren»: Anders Olsson Lærdalsøyri.

Per lærde rosemålarkunsten av den vidgjetne far sin, og arbeidde ei tid saman med han før han flytta til Amerika. Her kalla han seg Per Lysne of Stoughton, og vann seg eit namn som ein av dei viktigaste berarane av den norske rosemålartradisjonen i Amerika.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011