Hopp til innhold
X
Innhald

Per Gullakson

Bakeriet til Gullaksen heldt til i huset midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bakeriet til Gullaksen heldt til i huset midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per Gullakson med familie.

Per Gullakson med familie.

Per Gullakson bygde bakeri ved Øyragata på Lærdalsøyri kring 1882, men truleg hadde han starta som bakar nokre år tidlegare.

Bakeriet låg vegg i vegg med Kvammes Hotel. Huset er no freda og tilhøyrer Fortidsminneforeninga.

Gullakson selde etter ei tid bakeriet til Lars Frugård, som selde vidare til Ole Henriksen i 1922. Den siste som dreiv bakeriet, var Olav Nilsson Aarethun.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009