Hopp til innhold
X
Innhald

Per Severin Hjermann

Per Severin Hjermann (1891-1972) frå Stødno. Bonde og Bondeparti-politikar.

Per Severin Hjermann (1891-1972) frå Stødno. Bonde og Bondeparti-politikar.

Tippoldebarn til stortingsmann Peder Severin Pederson Hjermann (sjå øvst under «Kjende personar i Lærdal fødde år 1800-1850», og tipptippoldebarn til Eidsvollsmannen Peder Pederson Hjermann. Tok over garden i 1929. Sekretær i Indre Sogn Bondelag 1917-1921. Leiar i Lærdal Bondeparti 1935-1954.

Mangeårig leiar i rådet for Vestlandske Bondestemna, fekk Bondestemna sin ærespris i 1967. Styremedlem i Fylkesbaatane i 20 år. Kommunestyremedlem frå 1925, ordførar 1938-1940 og 1946-1954. Formann i fylkestinget (fylkesordførar) 1946-1954. Stortingsrepresentant 1954-1961. Styremedlem i Sogn Historielag og formann i Ættehistorisk Institutt for Vestlandet 1952-1954.

Far til Per S. Hjermann.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.05.2014