Hopp til innhold
X
Innhald

Petra Knutsdotter Nesse

Petra Knutsdotter Nesse (1892-1982) frå Maristova, busett på Nesse. Bondekone og folkemusikar. Petra var ein særs dugande toradarspelar som m.a. spela mykje saman med Nils Olsson Kvamme (sjå denne - fødselsår 1899).

Det vert fortalt at Petra som ung spela folketonar på toradar for komponisten Edvard Grieg og ektemaken Nina då dei vitja Maristuen Høyfjellshotell. Nina skreiv tonane ned på eit noteark, og Edvard Grieg gjekk til pianoet og spela dei.

Petra var ektemake til Lars Andersson Nesse.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009