Hopp til innhold
X
Innhald

Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen

Petrine og Mons Ulviksbakken med borna sine.

Petrine og Mons Ulviksbakken med borna sine.

Petrine Ingebrigtsdotter Kristoffersen starta butikk i Øyragata på Lærdalsøyri i 1898 og dreiv butikk i eit hus som vert kalla ”Monsebui”.

Petrine vart i 1899 gift med Mons Ivarson Ulviksbakken som kring 1895 hadde starta eigen landhandel på Kremmarhaugen på Hegg i Borgund. Denne butikken på Hegg vart seinare betre kjend som ”Grøttebui”. Mons Ulviksbakken dreiv i tillegg garden sin i Borgund, men då han gifta seg med Petrine, flytta han ned til Lærdalsøyri. Paret tok då namnet ”Ulvik”.

I 1924 kjøpte Ulvik-folket den tidlegare handelsbua til Jan Henrik Nitter Hansen litt lengre vest i Øyragata og flytta butikken sin dit. Sonen til Mons, Ingebrigt Ulvik, tok over butikken etter faren.

Frå 1942 til 1952 leigde Ingvald Nedrehegg butikken etter Ulvik under firmanamn Nedrehegg Kolonial. Seinare overtok Kjell Grøth eigedomen. Han starta Lærdalsmat AS i 1992.

Butikklokala i den såkalla ”Ulviksbui” har i dei siste tiåra også husa elektrisk forretning, fargehandel, kiosk, smykkebutikk, kunstatelier, parfymeri og antikvitetsforretninga til Ellen Ørnes; Ellen Antikk. Ho har sidan flytta over i den tidlegare Lindstrømbui ved gamle busshaldeplassen, og i Ulvikbui er det no bruktbutikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009