Hopp til innhold
X
Innhald

Plan om by på Lærdalsøyri

Lærdalsøyri ca. 1900. Foto: K. Küenhold.

Lærdalsøyri ca. 1900. Foto: K. Küenhold.

Lærdalsøyri vart den første staden i Sogn og Fjordane som det var aktuelt å gje bystatus.

Den første som gjorde framlegg om dette var presten Peder Pavel Aabel (ættefar til Per Aabel - sjå Andreas Aabel) i 1838. Han hadde tenestegjort i Jostedal og Aurland, og var i 1838 sokneprest i Land då han sette fram ideen i eit innlegg i «Morgenbladet». Han argumenterte alt då med ei planlagd dampskipsrute mellom Bergen og Lærdalsøyri som ein lekk i «stamsambandet» aust-vest.

Den neste som kastar seg inn i by-diskusjonen er den seinare professoren og stortingsmannen Ludvig Kristensen Daae. I innlegget i «Morgenbladet» argumenterer han m.a. for Lærdalsøyri og andre nye «Kjøbsstæder» som motvekt mot handelsdominansen frå dei store byane.

Lokalt framlegg om bystatus

Etter initiativ frå landhandlar Jan Henrik Nitter Hansen og sokneprest Nils Rosing Bull sende Lærdal kommunestyre i april 1839 ei oppmoding til statsmaktene om at Lærdalsøyri måtte få bystaus. Staden låg m. a. godt til rette som sentrum for «brennevinshandelen» i Indre Sogn, hevda kommunestyret!

Like etter vart saka teken opp i Stortinget av Mons Eggum (1787-1867) frå Sogndal, og 1839 vart det sett ned ein kommisjon som skulle greie ut «hensigtsmessigheden af et Kiøbstads Anleg på Leirdalsøren eller paa et andet i sammes Nærhed beliggende Sted i Indre Sogn». Med i kommisjonen var m. a. den seinare amtmannen Michael Conrad Sophus Aubert, som seinare skulle skjøtte embetet som fylkesmann frå Lærdalsøyri frå 1852 til 1860. Dei andre var kaptein Meidell frå Flesje (sjå: Offisersgard på Flesje) og to representantar frå Valdres og Hallingdal.

Kommisjonen vurderte også Skjolden, Årdalstangen og Kaupanger som aktuelle stader for ein by i Indre Sogn, men i 1841 la dei fram ei samrøystes tilråding om by på Lærdalsøyri.

Gamle hus på Lærdalsøyri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamle hus på Lærdalsøyri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Regjeringa støtta bystatus, Stortinget avviste

I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdal skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos, men Stortinget avviste alle framlegga. Dei ville vente og sjå korleis den nyss vedtekne handelslova som oppheva byprivilegia slo ut før dei skipa nye byar. Dermed vart bytanken for Lærdalsøyri lagt til sides.

Som ein del av utgreiinga, fekk «by-commisjonen» med Aubert og dei andre tre utarbeidd ein stor «byplan» for Lærdalsøyri. I denne «Croquis af Lærdalsøren» teikna dei inn eit gatenett i kvadraturar heilt frå sjøkanten og austover forbi Hauge kyrkje.

Redde for moralen

Planen om by kom fram att i 1850. Kommunestyret i Lærdal var no delt i synet på bystatus: Mindretalet på ni var redd ein by ville trekkje til seg fattigfolk og vere skadeleg for «moraliteten». Men fleirtalet tykte framleis det hadde noko føre seg med bystatus på Lærdalsøyri. I departementet vart saka lagt bort, og kom ikkje opp sidan.

Frå 1865 til 1900 gjekk folketalet på Lærdalsøyri tilbake med 200 personar. Svært mange drog til Amerika. I 2001 var det 1.016 innbyggjarar i kommunesenteret.

Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011