Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Lærdal

Til venstre i biletet ser vi det gamle postkontoret og skulen på Lærdalsøyri.

Til venstre i biletet ser vi det gamle postkontoret og skulen på Lærdalsøyri.

På grunn av den strategiske plasseringa ved hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, vart Lærdal mellom dei bygdene i Sogn og Fjordane som midt på 1600-talet kom med i det nyskipa postrutenettet. På Lærdalsøyri fekk mange arbeid som postroarar på rutene som gjekk ut Sognefjorden og til Gudvangen, og som postryttarar for posten som skulle austover. Oppover dalen var det skysstasjonshaldarane langs Kongevegen som vart styrarar for dei første lokale postkontora.

Dei eldste postrutene

Det norske Postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Hovudruta for post mellom Oslo og Bergen gjekk frå det året etter ruta Valdres-Filefjell-Lærdal-Gudvangen-Voss-Bergen.

I dette huset på Lærdalsøyri var det postkontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset på Lærdalsøyri var det postkontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsøyri

”Lærdalsøiri i Stønjum” vart skipa som postopneri ei tid etter 1759, men det nøyaktige året er ukjent. Kven som var poststyrar dei første åra er også ukjent, men i 1826 er ”gjestemadam Hansen” nemnd som postopnar. Dette er mest truleg Maren Henriksdotter Nitter Hansen, ektemaken til Tøger Hansen som flytta frå Røneid i Luster og vart handelsmann og gjestgjevar på Lærdalsøyri. Frå 1816 var adressa ”Stønjum i Leerdahl”, og frå 1847 berre Leerdahl. I 1849 er postadressa stava berre ”Lærdal”. I 1890 fekk kontoret status som postkontor. Lærdal var hovudpostkontor for Sogn fram til 2. verdskrig, og administrerte på det meste 88 postopneri, 21 brevhus og 67 landpostruter.

Lærdalsøiri i Stønjum

– sjå Lærdalsøyri.

Stønjum i Leerdahl

– sjå Lærdalsøyri.

Leerdahl

– sjå Lærdalsøyri.

Lærdal

– sjå Lærdalsøyri.

Frønningen fekk postopneri alt på 1700-talet. Foto: Vilhelm Rumohr.

Frønningen fekk postopneri alt på 1700-talet. Foto: Vilhelm Rumohr.

Frønningen fekk tidleg postteneste

Lemgodset på Frønningen (seinare i slekta Rumohr si eige) fekk status som såkalla ”postgard” alt i 1759, men vart same året nemnt som postopneri i samband med at Postverket overtok utgiftene med postføringa. Den viktigaste grunnen til at Frønningen-godset fekk postopneri så tidleg var nok at bygda ligg strategisk til ved hovudløpet til Sognefjorden. Både postruta frå Bergen som gjekk via Gudvangen, og den som vart rodd inn Sognefjorden frå Den trondhjemske Postvei heilt vest i Sogn, gjekk framom Frønningen. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at dei rike godseigarane på Frønningen hadde stor innverknad på korleis posten i indre Sogn vart distribuert – på same vis som godseigar Lem i 1858 fekk dei første fylkesbåtane til å anløpe Frønningen. - Les meir om Den trondhjemske Postvei m.a. under kommunane Hyllestad og Gulen. Frønningen postopneri vart offisielt skipa i 1836, men året etter vert staden berre omtala som Frønningan Postekspedisjon. Denne ordninga vart avvikla alt i 1841, og i åra etter fekk Frønningen posten sin frå postkontoret i Lærdal. I 1879 vart det på nytt opna eige postkontor i Frønningen. I 1921 vart adressa endra frå Frønningen til Frønningan. Det fekk status som underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. I 1986 vart postkontoret mellombels lagt ned, men like etter fekk det status som såkalla postfilial med adresse ”Frønningan Postfilial”. I 1999 gjekk ein tilbake til berre Frønningen på poststempelet.

Frønningan Postekspedisjon

– sjå Frønningen.

Frønningan Postfilial

– sjå Frønningen.

I dette huset på Hegg var det postopneri og telefonsentral.

I dette huset på Hegg var det postopneri og telefonsentral.

Borgund

fekk postopneri i 1870 med skysstasjonsstyrar John Knutsen Hæg som første styrar. I 1891 vart adressa endra til Hegg. Postopneriet vart lagt ned i 1963 og samstundes omgjort til brevhus II. I 1966 vart brevhuset lagt ned og innordna under Steinklepp.

Hegg

– sjå Borgund.

Maristova fekk postopneri i 1889. Bak hotellet ser vi kor bratt det var opp Jakobsstegen, som var ein del av Kongevegen over Filefjellet. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Maristova fekk postopneri i 1889. Bak hotellet ser vi kor bratt det var opp Jakobsstegen, som var ein del av Kongevegen over Filefjellet. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Maristova

fekk postopneri i 1889 med skysstasjonshaldar Knut Maristuen som første styrar. Adressa var Maristuen fram til 1921 då den vart endra til Maristova. Postopneriet vart omgjort til brevhus i 1968 med status som brevhus II.

Maristuen

– sjå Maristova.

Husum

fekk brevhus i 1890. Brevhuset vart lagt ned i 1899 eller 1900.

Postopneriet på Ljøsne var på Blåflat fram til 1987. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Postopneriet på Ljøsne var på Blåflat fram til 1987. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Ljøsne

fekk brevhus i 1890 med skysstasjonshaldar Knut H. Blaaflat som første styrar. Postadressa var Blaaflaten. Brevhuset fekk status som postopneri i 1894. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. Det vart lagt ned i 1987 og innordna under Lærdal.

Blaaflaten

– sjå Ljøsne.

Kyrkjevoll

fekk brevhus i 1895. Fram til 1933 var adressa Kirkevold. I 1933 vart den endra til Kyrkjevoll. Brevhuset vart lagt ned i 1956 om innordna under Vindhella.

Kirkevold

– sjå Kyrkjevoll.

Vindhella

fekk postopneri i 1899 med skysstasjonshaldar Ola Roarsen Husum som første styrar. Fram til 1921 vart adressa skriven Vindhellen. I 1921 vart postadressa omgjort til Vindhella. Vindhella vart brevhus II i 1968.

Vindhellen

– sjå Vindhella.

Etter at postopneriet på Borgund vart lagt ned i 1997 vart huset bygt om til pub med namnet Postaabneriet Pub & Café. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at postopneriet på Borgund vart lagt ned i 1997 vart huset bygt om til pub med namnet Postaabneriet Pub & Café. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinklepp

fekk postopneri i 1916 med jordmor Marie Eggum som første styrar. Det vart omgjort til underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1997.

Nystova

på Filefjell (ligg i Oppland fylke) fekk postopneri i 1917 med hotelleigar Knud Nystuen som første styrar. I 1936 vart postadressa endra frå Nystua paa Filefjell til Nystova. I 1972 vart postopneriet lagt ned og omgjort til brevhus I.

Nystua paa Filefjell

– sjå Nystova.

Nystuen på Filefjell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nystuen på Filefjell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tønjum

fekk postopneri i 1918 med gardbrukar Ole O. Vold som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1967 og innordna under Lærdal postkontor på Lærdalsøyri.

Breistølen

fekk brevhus i 1958 med postadresse Breidstølen Fjellstove. Det vart lagt ned i 1966.

Breidstølen Fjellstove

– sjå Breistølen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2012