Hopp til innhold
X
Innhald

Posten og Postvegen i Lærdal

Postskyss over Filefjellet. Teikning frå tidleg på 1800-talet av W. M. Carpelan. Fjellet i bakgrunnen skal vere Suletind, sjølv om Carpelan har gjort det vesentleg meir dramatisk enn det er.

Postskyss over Filefjellet. Teikning frå tidleg på 1800-talet av W. M. Carpelan. Fjellet i bakgrunnen skal vere Suletind, sjølv om Carpelan har gjort det vesentleg meir dramatisk enn det er.

Det norske postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Hovudruta for post mellom Oslo og Bergen gjekk frå den tid over Valdres-Filefjell-Lærdal-Gudvangen-Voss-Bergen. Frå starten av Årdal Koparverk i 1702, gjekk det postbod frå Lærdal til Årdal.

I Lærdal vart mange personar engasjerte som postførarar. På Lærdalsøyri var det gardbrukarane på Øye og Stødno som m.a. hadde arbeid som postroarar mellom Lærdal og Styvi i Nærøyfjorden og postfrakt oppover dalen. Når meinisen la seg i Nærøyfjorden, måtte posten bærast over fjellet til Dyrdal før ein kunne ro til Lærdal. Oppover dalen og over Filefjellet var det «postskifte» med postryttarar på Ljøsne, Eråker/Bjåråker, Borlaug, Maristova og Nystova til Øye på austsida i Valdres.

I 1837 vart det tilsett væpna postførarar i staden for den gamle ordninga med postbønder. Jernbanen vart bygd fram til innsjøen Krøderen i 1860, og derfrå gjekk ferdsla med dampskip opp vatnet til Hallingdal. Dermed vart det enklare å føre posten mellom Oslo og Bergen over Hemsedalsfjellet, og Filefjell -Valdresruta lagd ned som hovudpostrute. Men hovudruta for posten mellom Aust- og Vestlandet gjekk gjennom Lærdal heilt til Bergensbanen opna i 1909.

Første postopneriet på Lærdalsøyri kom i 1846 - frå 1890 omgjort til postkontor. Lærdal var hovudpostkontor for Sogn fram til 2. verdskrig, og administrerte 88 postopneri, 21 brevhus og 67 landpostruter. Frå 1920-talet tok eit eige postbilselskap seg av posttransporten over fjellet.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011