Hopp til innhold
X
Innhald

Randi Blehr

Oppstad-veven blir synt fram på ei vevutstilling i Florø i 1999. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Oppstad-veven blir synt fram på ei vevutstilling i Florø i 1999. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Randi Blehr (1851-1928) frå Bergen. Husflidspionér og kvinnesakskvinne. Gift med seinare statsminister Othto Albert Blehr som ei tid praktiserte som sakførar i Lærdal. Ekteparet budde også ei tid på Norfjordeid og på Bruland i Førde.

Randi Blehr var medskipar av Norsk Kvindesaksforening og var leiar i 1895–1899 og 1903-1922. I denne posisjonen var ho ei av dei fremste i kampen for at norske kvinner skulle få røysterett, innført i 1913. Ho var medlem av Norsk Husflids Venner, og i tida i Lærdal gjorde ho ein stor innsats for å berge den norske biletvevtradisjonen, som då var i ferd med å døy ut. Ho fekk kontakt med Kjerstina Vangsnes, som tilnærma kunne den eldgamle norske biletvevteknikken.

I 1889 starta Randi Blehr vevskule med 47 elevar i Lærdal med Kjerstina Hauglum som lærar. Ein av elevane var Frida Hansen frå Stavanger som seinare vart den mest kjende norske biletveverska, med internasjonalt ry. I Lærdal lærte Frida Hansen oppstadvev der veven vert lik på begge sidar, og fekk konstruert vevstolar som høvde for biletvev, og leia 1897-1906 Det norske Billedvæveri.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011