Hopp til innhold
X
Innhald

Rasulukke tok sju i Borlaug

Borlaug bru i 1898. Borlaugshagen der sju menneske omkom i 1873 ligg like til høgre for brua. Foto: Skøie. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Borlaug bru i 1898. Borlaugshagen der sju menneske omkom i 1873 ligg like til høgre for brua. Foto: Skøie. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av til saman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.
Eit snø- og jordras med seg eit heile gardstunet i Borlaugshagen i Borgund. Sju menneske - foreldra og fem born - miste livet. To born berga seg saman med besteforeldra, og alle fire vart henta over til Amerika av broren til den omkomne bonden.

Samstundes gjekk det ras over Geilane på Tønjum og Nedre Eggjo. Hus og krøter gjekk tapt, men folket der berga seg.

Liv gjekk tapt fleire stader

Det same uveret gjorde også stor skade med store tap av menneskeliv i Årdal, i Sogndalsdalen og kring Lustrafjorden. – Les meir om dette under Ulukker i Luster og Naturskader og ulukker i Årdal.

Elles skal liv ha gått med i rasulukker gjennom dei siste 300 åra på gardane Midtbø (?), Lærdalsøyri, Hegg, Kvenshagen, Saue, Eggjo, Borlaug, Hatleberg og Kvamsdalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011