Hopp til innhold
X
Innhald

Regulering og kultivering i Lærdalselvi

Laksefiskaren S. Holth og klepparen Jens Olsson Tønjum med tilnamnet Bruse-Jens med fangsten sin 23. august 1924. Den største av laksane vog 22,1 kilo. Ukjend fotograf. Eigar: Kolbjørn Øygard/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1860 gjorde ein flaum stor skade i elvehølane og langs elvebardane. Ei sentral oppgåve for Lærdals Elveeigarlag då det vart skipa i 1864 var å forbygge elvebardane med stein. I 1881 la kanaldirektøren fram ein omfattande plan, og frå 1894 vart det starta systematisk forbygging lang elva.

Forbygginga av Lærdalselvi starta alt i 1894. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forbygginga av Lærdalselvi starta alt i 1894. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arbeidet var fullført kring 1910, men i 1920 vart forbygningar og fiskehølar sterkt skada av ein ny storflaum. Også i 1962 fekk elveforbygningane store skadar av flaum.

Laksen hoppar i Sjurhaugfossen. Biletet er teke på 1920-talet. Femti år seinare vart det bygt laksetrapper i fossen. Foto: Mittet & Co. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Laksen hoppar i Sjurhaugfossen. Biletet er teke på 1920-talet. Femti år seinare vart det bygt laksetrapper i fossen. Foto: Mittet & Co. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjurhaugfossen i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjurhaugfossen i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1899 vart det første klekkeriet for laks og aure bygd på garden Hauge. Her bygde ein klekkeriet over ei grov som rann tvers gjennom huset og sytte for friskt vatn i klekkekara.

Laksetrapper

Då AS Hafslund og seinare Østfold fylke kring 1970 søkte om å få bygge ut Lærdalsvassdraget, møtte planane sterk motstand frå eleveeigarane. Saman med mektige forretningsfolk som fiska i elva, fekk dei redusert reguleringa til om lag det halve. I tillegg vart det bygd fire laksetrapper som gjer elva lakseførande heilt fram til Heggfossen i Borgund.

Teljeverk i Sjurhaugfossen

I Sjurhaugfossen er det montert teljeverk som registrerer lakseoppgangen. Reguleringa sikrar no jamn minstevassføring som hindrar låg vasstand i tørkeperiodar. På Ljøsne vart det bygt klekkeri i 1973 som ein del av konsesjonsvilkåra.

Østfold Energi har som ein del av konsesjonsvilkåra bygd lakseklekkeri på Ljøsne. Her ser fiskeriteknikar Torkjell Grimelid til yngelen.

Østfold Energi har som ein del av konsesjonsvilkåra bygd lakseklekkeri på Ljøsne. Her ser fiskeriteknikar Torkjell Grimelid til yngelen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.05.2011