Hopp til innhold
X
Innhald

Rikheim Gaard og Gjestgiveri

Hovudbygningen på Rikheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på Rikheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare adelsgarden Rikheim ved Ljsøne fekk kongeleg løyve til å drive gjestgiveri i 1825. Eigaren då var Claus Pederson Rumohr.

I tillegg til Rikheim, var det i 1830 også fire gjestgiveri frå Lærdalsøyri og langs Kongevegn opp til Filefjell. Dei låg på Nedre Ljøsne, Hegg og Maristova.

Gjestgiveriet på Rikheim utvikla seg seinare til ein stad der rikfolk tok inn når dei var i Lærdal for å fiske laks.

Les meir i artikkelen Storgarden Rikheim under Historia i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011