Hopp til innhold
X
Innhald

Rikheim vert landbruksskule

Klokketårnet på stabburet på Rikheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klokketårnet på stabburet på Rikheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jan Rumohr var ein drivande bonde på Rikheim. Han dyrka jord, planta frukttre og bygde i 1876 den enorme løebygningen som har innkøyring til låven i tre etasjar.

Frå 1896 til 1907 leigde Claus Rumohr ut Rikheim som jordbruksskule (sjå Jordbruksskulen på Rikheim). Skulen utvikla ein eigen eplesort som ein enno kan finne i Lærdal, og kryssa også fram det lokalt kjende «Lærdals-feet».

Claus Rumohr vart lensmann i Lærdal same året som han leigde ut garden, og fram til 1907 budde han og familien på Lærdalsøyri (sjå Einemo under «Gamle bygningar i Lærdal»).

Heile gardstunet på Rikheim med m.a. den store driftsbygningen vart freda i 1970. Ein stor del av innmarka på garden er no utbygd som nihols golfbane.

Det gamle stabburet på Rikheim er utgangspunktet for golfbana til Lærdal Golfklubb. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det gamle stabburet på Rikheim er utgangspunktet for golfbana til Lærdal Golfklubb. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011