Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Ingemann Christophersen

Portrett av Rolf Christophersen. Måleriet heng på Lærdal sjukehus.

Portrett av Rolf Christophersen. Måleriet heng på Lærdal sjukehus.

Rolf Ingemann Christophersen (1895-1982) fødd på Kløfta, busett på Lærdalsøyri.

Lege og føregangsmann for reisinga av Lærdal sjukehus. Distriktslege i Lærdal, Borgund og Årdal frå 1922-1956, og overlege ved Lærdal sjukehus frå starten i 1930. Han arbeidde ved sjukehuset til han var 80 år. I tillegg arbeidde han også som kirurg ved Luster Sanatorium, Harastølen.

Christophersen opplevde ofte at pasientar døydde på veg til sjukehus i Bergen, og starta innsamling til bygging av sjukehus. Han fekk inn 85.000 kroner frå private og offentlege institusjonar.

Sjølv tok Christophersen tilleggsutdanning slik at han var budd på oppgåva som overlege då det nye sjukehuset opna i 1930 med 20 senger på kirurgisk avdeling og 18 senger for tuberkuløse.

Far til Per Jerving.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009