Hopp til innhold
X
Innhald

Røva dottera til storbonden

Gardshuset på Stødno i dag med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardshuset på Stødno i dag med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Stødno lever ei segn om Elling Olsson Villand (1721-1778) frå Hol som ”røva” dottera til storbonden og gjestgjevaren Peder Pederson Hjermann: Villand hadde truleg møtt Mette Pedersdotter Hjermann (f. 1728) på Lærdalsmarknaden eller på eit stemne på Hallingskeid. Dei to ville gifte seg, men det ville ikkje brørne til Mette vite noko av, for Villand hadde dårleg ord på seg. Då reid Elling Olsson Villand like godt over fjellet frå Hallingdal til Lærdal og ”røva” Mette med seg. Brørne til ”brura” sette etter, men til inga nytte. Dei to vart gifte og slo seg til på Hol, der dei fekk fire born.

Ved eit arveskifte på Stødno-garden i 1801 etter barnlause Per og Malene Hjermann, skal to Villand-karar frå Hol ha ridd rett inn i stova på Stødno og kravd odelsrett på garden. Per Hjermann hadde då freista å skøyte Stødno over til systersonen til kona, Tomas Christofferson Nitter frå Luster.

Arvefloken kring storgarden Stødno løyste seg på ”naturleg vis” i 1806 då Malene Hjermann (f. Nitter) døydde. No var den då 55 år gamle Per Hjermann fri til nye eventyr: Han reiste til gjestgjevar Søren Lem i Årdal som hadde ei dotter på 20 år. Det enda med at Per og Elsa Sofie Sørensdotter Lem vart gifte i 1809. Paret fekk fram til 1820 i alt sju born, fem av dei voks opp. Denne Per Hjermann var for øvrig ein av fem utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011